torsdag 20. september 2012

Scrappe med tekstil


Mange av verktøyene man bruker til scrapping med papir og kartong kan også brukes til tekstil. De fleste dies fra Sizzix og Marianne design, som ikke er for detaljerte, kutter lett i tekstil om en stiver det av med vliselin eller vlisofix. Med stempelputa Versacraft kan man stemple på stoff og den kan fikseres slik at den tåler vask. Med mønstret stoff, stempler, knapper, bånd og bling kan man få det samme uttrykket som ei scrappeside i et album. Man kan til og med printet ut foto på transferpapir til stoff.  Dette måtte testes ut! Vi spurte Agnes, som er stamkunde hos Stoffbua på Bremnes, om ho ville være gjesteblogger og prøve noen produkter.
 

Klubbposen / sykursposen

Det kan vere lurt å laga ei skissa på førehand, slik at ein veit kva ein treng av stoff og anna ting og tang. Legg ein kartongbit inn i lerretsposen (38 x 42 cm) og mal eit strøk med Marabu Textil plus i kvit.  Textil plus er ein serie tekstilmaling som også dekker godt på mørke stoff. Lat dette tørka før ein fikserar og maler på andre sida, viss ein velje og dekorera begge sidene av posen. Malingen gjer tynn lerretsstoff litt stivare og dermed lettare å scrappe med tekstil på. Det er lettare å sy dei ulike delane saman på maskin når stoffet er litt stivare.



Skjær til stoff og lag klar alt til stempling og sying. Sirkelen har eg kutta ut med en sirkel Framelits frå Sizzix og Big Shot maskina. På bilete ser ein mine mål, men her bruker ein det ein vil sjølv. Stempling med stempelsett som heiter Eline’s huis Fashion og Eline’s huis Tea Time og Versacraft Chocolate stempelpute til tekstil. Hugs å fiksere etter at det er tørt.



Legg dei ulike delane utover på posen og set saman slik ein vil. Start med å sy den blå ramma på det brune bakgrunnstoffet, hugs og festa blondene i sidesømmen.



Ei side av posen ferdig. Eg har brukt kvit Glitter liner frå Marabu for å pynta litt på lerretstoffet som eg har stempla på og symaskin buttons frå Jesse James.



Side 2: Teabreak
Fest eit stykke lerret på ein kartongbit. Stryk deretter ei stripe med stempelputa, Versacraft Real Black stempelpute for tekstil. For å laga ordet teabreak brukte eg Tim Holtz Alterations Word Play Alfabet. La bokstavane utover i ønska mønster og dabba Versacraft Real Black  over. Til dabbinga brukte eg spongedauber som du kan ha på fingeren. Når dette var tørt strøk eg stempelputa Versacraft Chocolate over. Fikser etter at det er tørt.



Skjær og kutt til alle tinga ein vil ha på posen og legg det utover. Eg valte eit brunt prikkete stoff som ramma rundt teabreak og eg sydde ein pose av det blå stoffet. Bakrunnen som eg har stempla tekanna på, er stansa ut med Sizzix framelitslabels fancy. Tekanna er frå stempelsettet  Eline’s huis Tea Time.
 

Eg brukte Marabu Glitter liner på enkelte prikker på det brune stoffet og i hjørna. Eg har også pynta med blonder og Paper Collage Buttons i kremfarge.



Nettet eg har laga kan brukast til sykurs eller klubb!

Helsing Agnes


3 kommentarer: